Hopp til hovedinnholdet

Ekstremisme

  • Innbundet

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

Ekstremisme utforskar ekstremismen i ulike former. Boka dekker spekteret frå høgre- til venstreekstremisme og syner kva som er ulikt og kva som er likt, og kva dei har felles med religiøs ekstremisme, på eit vis som er lett forståeleg. Når vi snakkar om ekstremisme meiner vi ulike ytterleggåande politiske og religiøse førestillingar og gjerningar, som terrorisme, og forsøk på å tvinge samfunnet til å endre seg i ei heilt ny retning. Gjennom ulike døme og forteljingar syner boka ulike sider av ekstremismen. Slik gir ho nokre svar på det vanskelege spørsmålet: Kva er ekstremisme? Mange unge menneske vil skape ei betre verd. Men korleis skapar vi ei betre og meir rettvis verd? Og kva middel kan vi nytte for å nå det? For dei fleste strandar det heile på kva som er realistisk å oppnå, og kor langt ein er villig til å gå for å nå målet. For nokre finnast det derimot ingen slike grenser - dei vil endre verda for kvar ein pris. Og det er desse som gjerne vert ekstremistar.

    Tilgjengelig i 19 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer