Hopp til hovedinnholdet

Fine spinn av draumar - makedonske dikt

Av Knut Ødegård (red), Yasminka Markovska (red)
  • Innbundet

  • 2011

  • Norsk, Nynorsk

Makedonia - eit lite land på Balkan der oldtids stordom i verdserobraren Aleksanders rike møter kryssande kulturar. Der har poesien i dag ein sterkare posisjon enn i kanskje noko anna europeisk land. Antologien presenterer dikt av ni makedonske poetar med biografiske omtaler. Ei fyldig innleiing set landet og kulturen i perspektiv. Boka er den første omfattande presentasjonen av makedonsk lyrikk på norsk. Knut Ødegård er kjend som forfattar og lyrikar, og er den nolevande norske poeten som er omsett til flest utanlandske språk. Han er i tillegg ein brubyggar mellom Makedonia og Noreg, m.a. som republikkens generalkonsul. Jasminka Markovska har studert litteratur i Noreg med spesialisering på Ibsens dramatikk. Ho har tidlegare gjendikta norske lyrikarar til makedonsk.

    Tilgjengelig i 22 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer