BKKs historie 1920-2020
Innbundet
2020
Norsk, Bokmål
Norsk, Nynorsk
Kraftselskapet BKK vart til 2. juni 1920 då Bergen og elleve landkommunar gjekk saman om å utvikla kraftforsyninga på og omkring Bergenshalvøya. Denne boka skildrar framveksten av selskapet og dei store kraftutbyggingane i området mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden. Forfattarane fortel også om korleis selskapet utvikla seg etter liberaliseringa av kraftmarknaden i starten av 1990-åra og blei ein sentral aktør både i den nasjonale kraftpolitikken og i lokalsamfunn på Vestlandet. Knut Grove er historikar og forskar I ved NORCE Samfunn i Bergen. Yngve Nilsen er professor i moderne historie ved Institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Svein Ivar Angell er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen en uke.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent