Hopp til hovedinnholdet

Å studere argumentasjon

  • Pocket

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon. Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane. Kjersti Maria Rongen Breivega er professor ved Høgskulen på Vestlandet. Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium. Se flere utgitte og planlagte bøker i Å studere-serien her.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

Forhåndsbestill

Forventes i salg 09.07.2024.

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer