Hopp til hovedinnholdet

Litteraturformidling i lokale bibliotek - møte mellom teori og praksis

  • Pocket

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka handlar om litteraturformidling ansikt til ansikt - direkte møte mellom formidlarane og dei det blir formidla til. Forfattarane skildrar ei rekke formidlingspraksisar der små bibliotek i Sogn og Fjordane samarbeider med barnehagar og skoler på ulike vis. Felles for desse formidlingspraksisane er at dei set barn og unge sine interesser, lyster og kunnskapar i sentrum, og at dei er utvikla ut frå konkrete behov i dei ulike lokalmiljøa. Forfattarane bruker teoretiske innsikter om litteratur og om vårt forhold til språket og verda til å sette ord på kva formidlinga tyder for dei involverte. Dei synleggjer òg kor stor tyding økonomiske rammevilkår og politiske føresetnader har for å kunne drive litteraturformidling av høg kvalitet.
Boka gir ny kunnskap til forskinga innan bibliotek-, litteratur- og kommunikasjonsfag, og er særleg aktuell for studentar, bibliotekarar, lærarar og andre litteraturformidlarar. Forfattarane viser korleis ein kan tenkje systematisk og vitskapleg om eigen praksis, og bidreg slik til å styrke fagleg og profesjonell dømmekraft.

    Kan bestilles til 147 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer