Øygarden bygdebok - Band 3 : Gard og slekt, gardsnummer 201-207
Del3 av serien
Innbundet
2023
Norsk, Nynorsk
«Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje notida, og forstår ein ikkje notida, eignar ein seg ikkje til å forma framtida.» Slik skal den franske filosofen og aktivisten Simone Weil (1909-1943) ha formulert sitt historiesyn, og orda er like forstandige og gyldige i Øygarden som i Paris. Øygarden har gjennom tusenvis av år hatt rike ressursar å by på for folk som ville ta strevet med å finna og bruka dei. Men det var eit slit! Denne boka fortel om dei som slo seg ned og levde livet sitt i den søre delen av Hjelme sokn. Mange av dei var innflyttarar som kryssa fjorden i håp om ei betre framtid, eller som la bak seg uår og svolt. Skriftlege kjelder kan fortelja oss om gard og slekt gjennom dei siste fire hundreåra, men vi veit at folk må ha levt liknande liv her i mange hundreår tidlegare. Båten, fiskesnøret og garnet skulle saman med nokre husdyr og små åkerlappar sikra det daglege brød. Kan vi med kunnskapen om desse menneska få hjelp til å forstå notida, og gjennom det vera betre rusta til å forma framtida?
Tilgjengelig i 3 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen en uke.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent