Hopp til hovedinnholdet

Norsk pedagogisk faghistorie - utdrag frå formidling, forsking og debatt

  • Pocket

  • 2011

  • Norsk, Nynorsk

Boka presenterer utdrag frå framveksten av norsk pedagogisk forsking og gir ei innføring i formidlinga av faget med vekt på utvalde idear, personar, institusjonar og kontekstar. Utviklinga frå mellomkrigstida blir vektlagd. Pedagogikkfaget og utdanningsvitskapen vi ser i dag, har historiske røter, og i denne framstillinga vil ein finne bakgrunnsstoff for å forstå meir av den dagsaktuelle debatten om faget. Dei siste tiåra har det komme fleire avhandlingar, antologiar og artiklar om pedagogikk som undervisningsfag og forskingsdisiplin. Ein har derimot sakna samanfattande framstillingar. Denne boka gir ein slik presentasjon. Boka gir eit utdrag av den historiske utviklinga og byggjer både på primærkjelder og på tidlegare faghistoriske forskingsarbeid. Jostein Sæther er professor i pedagogikk ved Norsk Lærerakademi. Han har særleg forska innanfor faghistorie med vekt på pedagogisk psykologi og vitskapsteori, dessutan på verdispørsmål i naturfag.

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer