Hopp til hovedinnholdet

Soga om Torstein Vikingsson

  • Innbundet

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.
«Soga om Torstein Vikingsson» fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet.
Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene, «Soga om Fridtjov den frøkne» som er også er utgitt i denne serien. Begge er omsette frå gamalnorsk til nynorsk av nobelprisvinnar Jon Fosse.
Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

Tilgjengelig i 3 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer