Hopp til hovedinnholdet

Båtar i Møre og Romsdal - Band 1 : Å tenkje geitbåt - og byggje ein

  • Innbundet

  • 2014

  • Norsk, Nynorsk

Del 1 av denne serien er fire bøker om Nordlandsbåten og Åfjordsbåten som kom ut i 1990. Det har teke mange år, men no er endeleg del 2 i kjømda og vil omfatte båtar i Møre og Romsdal. Også del 2 vil bli på fire band. Denne boka (band 1 i del 2) tek for seg prosessen med og tankar attom det å byggje ein geitbåt. Denne båttypen har sitt kjerneområde på Nordmøre, men han finst også i Romsdal og i dei sørlegaste delane av Sør-Trøndelag. Geitbåten er den mest «geometriske» av dei tradisjonsbåtane vi kjenner til. Så og seia heile forma let seg definere ved hjelp av enkle brøkar på visse grunntal som båten er bygd i kring. Dertil er «halve» båten hoggen i fasong. Samstundes er han svært vakker. Bildet på framsida fortel om både mjuke og spenstige linjer. Som teknologi og prinsipp for å gjeva form representerer han noko svært avansert og som vi kan følgje med konkrete funn heilt attende til 1500-talet. Geitbåten er ei viktig kjelde til innsikt i norske båttradisjonar, og han har såleis interesse langt ut over der han høyrer heime. Som innfallsvinkel til forståing bør denne boka kunne gi tankestoff og inspirasjonar til mange. Å halde liv i geitbåten som levande tradisjon er å føre vidare ein sentral del av vår kultur. Vi har ikkje lov til å la vera. Gjer som brørne Solvang, kjøp geitbåt og bruk han!

    Tilgjengelig i 1 butikk

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer