Say what?! - nynorsk-engelsk ordbok for grunnskolen
Av Vibecke C.D. Haslerud Steenfeldt-Foss (red), Thomas Fehrm
Innbundet
2015
Norsk, Nynorsk
Engelsk
Flerspråklig
Say What?! er ei etterlengta ordbok mellom nynorsk og engelsk for grunnskolen. Med enkle forklaringar og eit oversiktleg grafisk oppsett, er ordboka lagt spesielt til rette for barn og unge. Boka er også rikt illustrert, noko som gjer ho morosam å bruke. Ordoka er til hjelp både for dei som vil lære seg engelsk og for dei som vil forbetre nynorsken sin. Ho inneheld britisk så vel som amerikansk engelsk, og er laga med sikte på å vise mangfaldet i den nynorske målforma. Say What?! består av over 17 000 oppslagsord og meir enn 6 000 uttrykk. Uttrykka illustrerer blant anna riktig bruk av preposisjonar saman med oppslagsorda, og dei mange eksempla viser orda i bruk. Ordboka inneheld dessutan ein oppdatert og omfattende minigrammatikk, som blant anna forklarer den nye inndelinga av ordklassene. Dette er ei bok som er enkel å bruke for dei som har lita erfaring med ordbøker, med tydeleg inndelt informasjon og få forkortingar. Mange av teikningane kallar i tillegg fram smilet hos lesaren. Boka er godt eigna til klassesett og til opplæring i ordbokbruk. Ho passar også fint til å bruke privat.
Tilgjengelig i 2 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent