Landslova - kommentarutgåve
Av Jørn Øyrehagen Sunde (red)
Innbundet
2024
Norsk, Bokmål
Norsk, Nynorsk
Kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274 var ei stor, politisk driven samfunnsreform gjennom lovgjeving. Landslova var ei stor hending i både norsk og europeisk rettshistorie. Den var éi av berre tre riksdekkjande lovbøker i Europa på 1200-talet, som éi av to riksdekkjande lovbøker som regulerte samfunnet i si fulle breidde, og den einaste riksdekkjande lovboka som faktisk vart brukt. Dermed kom Magnus Lagabøters lovgjeving til å prega politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg i 400 år, fram til den vart avløyst av Christian Vs Norske Lov i 1687. Dette gjer Landslova til kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie ved sida av Grunnlova av 1814. I denne antologien vert Landslova av 1274 undersøkt inngåande del for del av fjorten framståande mellomalderforskarar. Dei mange lovreglane vert brukte til å skapa eit bilete av politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg på 1200-talet. Fram stig eit bilete av ein fargerik og mangfaldig periode i norsk historie, og av eit samfunn og menneske som på éi og same tid er annleis og attkjennelege i dag. Artiklane i antologien er skrivne av: Thomas Eeg, Universitetet i Bergen Gunnar Kjetil Eriksen, Norges arktiske universitet, Tromsø Brage Thunestvedt Hatløy, Universitetet i Bergen Anna Catharina Horn, Universitetet i Oslo Gunnar Jansen, Bergen Torstein Jørgensen, VID vitenskapelige høgskole, Stavanger Leidulf Melve, Universitet i Bergen Else Mundal, Universitet i Bergen Magne Njåstad, professor, NTNU, Trondheim Ole Albert Rønning Norby, Nasjonalbiblioteket Per G. Norseng, Universitetet i Sørøst-Norge Erik Opsahl, NTNU, Trondheim Hans Jacob Orning, Universitetet i Oslo Jørn Øyrehagen Sunde, Universitetet i Oslo
Tilgjengelig i 4 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent