Northanger Abbey
Av Jane Austen
Del av serien
Fleksibind
2022
Norsk, Nynorsk
Jane Austen er av ein av dei mest lesne engelske forfattarane opp gjennom tidene og er kanskje mest kjent for romanen «Pride and Prejudice», men også «Northanger Abbey» vert rekna blant dei seks hovudverka hennar. Romanen var mellom dei tidlege arbeida hennar på 1790-talet, men verket blei ikkje utgitt før i 1817, eit halvt år etter hennar død. I «Northanger Abbey» møter vi syttenåringen Catherine som for første gong er på besøk i den engelske kurbyen Bath. Der forelskar ho seg både i ein mann, Henry Tilney, og i boka «Mysteria på Udolpho» av Ann Radcliffe. Catherine tolkar røynda i lys av dei dramatiske hendingane og mørke personane ho les om, og dette fører henne grundig på villspor. Boka er ein satire over overklasselivstil og kjønnsroller, men den er også ein litterær parodi over den gotiske populærlitteraturen, og speler saman med resten av verket til Austen ei viktig rolle i utviklinga av den realistiske romanen. «Northanger Abbey» er full av humor og skarpe utleveringar av mannlege privilegium så vel som kvinnelege tåpelegheiter.
Tilgjengelig i 9 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent