Språket som vart norsk - språkhistorie frå urnordisk til 1800-talet
Av Ivar Berg
Pocket
2019
Norsk, Nynorsk
Ei kortfatta, engasjert innføring i språkhistoria frå urnordisk til 1800-talet.
Denne boka fortel historia om språket me kallar norsk. Ho byrjar på eit tidspunkt då det slett ikkje er opplagt at det var same språket som me snakkar i dag, og fylgjer det fram til 1800-talet og dei tradisjonelle dialektane. Forfattaren gjev ei innføring i språkhistorie som fagdisiplin, korleis me kan finna ut noko om eldre språk, og korleis språkhistoria kan forklara trekk ved moderne norsk.
Framstillinga fylgjer hovudlinene i utviklinga av både skrift og tale, med ekstra vekt på gamalnorsk og språket i den norrøne litteraturen, og mellomnorsk, då mange av endringane til dei norske dialektane skjedde.
Boka er studentvenleg med gode forklaringar av sentrale omgrep, refleksjonsspørsmål og ei rekkje tekstdøme. Dimed høver ho godt som pensum på emne i norsk ved universitet og høgskular.
Ivar Berg er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur, NTNU. Han forskar på korleis norsk språk har utvikla seg gjennom historia og underviser i bl.a. språkhistorie, grammatikk og dialektar. Berg har gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar om ulike sider ved norsk språkhistorie.
«[S]jøl om en som anmelder kan ha noen kommentarer, må det likevel sies at dette i det stor og heile virker som ei vellykka framstilling. Dersom en kan nøye seg med ei framstilling av norsk språkhistorie som bare går fram til 1800-tallet, og en vil ha ei elementær innføring i gammalnorsk inkludert i språkhistoria, kan boka til Berg være et godt alternativ.» Endre Mørck i Maal og Minne nr. 1, 2020.

Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent