Hopp til hovedinnholdet

Strikk med Ingvild frå @skaperrom - klassiske, enkle og fargerike plagg

  • Innbundet

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Strikk nydelege klede som kan vare i generasjonar! Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instakontoen @skaperrom. No har ho laga si alle første strikkebok. Her får du klassiske og enkle oppskrifter til baby, barn og dame, alt frå kvardagsgenserar, sokkar og luer til festfin kardigan og genseren for dei vakraste sommarkveldane.
Ingvild Grane synest ikkje strikkeoppskrifter skal vera så avanserte. Hennar erfaring etter årevis med strikking, er at ho vender tilbake til dei enkle oppskriftene. Dei strikkar ho gjerne gong på gong i ulike fargar, strukturar og garnkvalitetar. I staden for å gje deg avansert strikk har ho difor fylt boka med elegante og funksjonelle plagg som kan strikkast på nytt og på nytt i mange år framover, og som har eit så klassisk snitt at dei kan gå i arv.
Dette er ei bok for deg som strikkar masse, for deg som strikkar litt, og for deg som ikkje strikkar, men som har veldig lyst til å starte. Ingvild Grane (f. 1982) kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist. På dagtid jobbar Grane i Fabel, og på kveldstid lagar ho strikkeoppskrifter og strikkar til seg sjølv og dei ho har kjær. Ho er kjend for instakontoen @skaperrom.

    5.0

    Tilgjengelig i 12 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer