Hopp til hovedinnholdet

Norsk språkhistorie for lærarar

  • Pocket

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

  • Norsk, Bokmål

Denne boka gjev ei grunnleggjande innføring i norsk språkhistorie og er skreddarsydd for grunnskulelæraren. Forfattarane fortel historia om norsk språk, og skildrar dei viktigaste endringane, frå urnordisk, via norrønt og mellomnorsk, og fram til moderne norsk. Språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid står sentralt i fagfornyinga. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk, og norrøn omsett litteratur. Karine Stjernholm (fødd 1978) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Østfold. Ho er sosiolingvist, og er spesielt oppteken av språkideologi. Stjernholm underviser i språk og samfunn, fleirspråklegheit, språkplanlegging og språkhistorie på lærarutdanninga og på masterprogrammet Master i norsk i skulen. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han underviser i norsk språk og litteratur, er utdanna lærar og norrønfilolog, og han forskar på kultur og språk i norrøn tid, og på norskdidaktikk.

    5.0

    Tilgjengelig i 2 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer