Hopp til hovedinnholdet

Ida i Italia

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb å gjera.
Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta.
Ida i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

Forhåndsbestill

Forventes i salg 26.07.2024.

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer