Nynorskdidaktikk
Pocket
2022
Norsk, Nynorsk
Den norske språksituasjonen fører til at ein som lærar kan få ansvaret for norskundervisninga i reine bokmålsklasser, reine nynorskklasser og i klasser der elevane har ulikt hovudmål. Alle lærarar skal kunne gi god opplæring i norsk, både til elevar som har nynorsk som sidemål, og til elevar som har nynorsk som hovudmål. Denne boka tek sikte på å gi eit didaktisk grunnlag for å gi god undervisning i nynorsk, uavhengig av denlokale språksituasjonen. Boka er skriven med utgangspunkt i siste utgåve av læreplanverket (LK20) og har eigne kapittel om nynorsk som både hovudmål og sidemål, nynorsk barne- og ungdomslitteratur, nynorsk fagskriving og andre inngangar til nynorskdidaktikk. Hjalmar Eiksund er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Han har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn, og arbeider i dag i hovudsak ved grunnskulelærarutdanningane. I forskinga si er han oppteken av skriving på barne- og ungdomstrinn, sosiolingvistikk og dialektkunnskap. Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider i barnehagelærarutdanninga og ved master i grunnskulelærarutdanning. I forskinga si er ho oppteken av barn og ungdoms eigne tekstar, skriving og literacy-praksisar. Kristin Kibsgaard Sjøhelle er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider ved master grunnskolelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, og har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn. I forskinga si er ho særleg oppteken av nynorsk som sidemål og skrivedidaktikk.
Tilgjengelig i 2 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent