Hopp til hovedinnholdet

Splintra - roman

  • Innbundet

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

Lukkeleg og full av sorg. Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik. Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner. Så blir Are sjuk. Veldig sjuk. «Splintra» er ein rik roman om vennskap. Om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid.
I 2022 blei boka nominert til Brageprisen, til U-prisen og er valt ut som ein White Raven i 2023. «Splintra» har fått ei rekke gode meldingar.

    Tilgjengelig i 93 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer