Stol og ekstase - essay og noveller
Innbundet
2006
Norsk, Nynorsk
Stol og ekstase er ei samling essay og noveller som til tider kan likne på essay. Det handlar mykje om tilhøvet mellom verkeleg og uverkeleg: Refleksjonar kring det sanne, det fantastiske og det ironiske i litteratur gjennom lesingar av forfattarar som Virginia Woolf, Arthur Rimbaud, Richard Brautigan og Inger Christensen blandar seg med flygande objekt, med det å forsvinne fullstendig, med det nynorske, med det kvinnelege, med klaustrofobi, med småfly som kjem flygande gjennom snøvér, med kjærleik på framande planetar. Gunnhild Øyehaug (f. 1975), busett i Bergen. Ho er forfattar, litteraturvitar og medredaktør av litteraturtidsskriftet Kraftsentrum. Hennar forrige bok, Knutar, blei nominert til Brageprisen og fekk Bergensprisen 2004 for beste bok av Natt og dag. Stol og ekstase er hennar tredje bok.
Tilgjengelig i 10 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent