Hopp til hovedinnholdet

Fleire spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen - enda meir mat, natur og kultur mellom øst og vest

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Bokmål

  • Norsk, Nynorsk

Fleire spennande stikkvegar: No går turen til Hardanger, blant anna til flinke siderbønder langs Sørfjorden – med klyngetun, fossefall og høge fjell i kulissene. Du får også vere med inn på eit av Norges eldste hotell. På andre sida av Folgefonna besøker vi vakre Baroniet Rosendal og slottets fantastiske landskapspark. Deler av turen er i fotspora til Nils Hertzberg, «Haukelivegens far».
I boka ser du også nye og gamle bilde frå strekninga Kongsberg–Rjukan–Haukeli. Både i Kongsberg, og mellom bratte fjellsider i Telemark, er det spennande industri- og kulturhistorie. Til slutt blir vi med brøytemannskapa på Haukelifjell.
 
Du kan også lese epilogen «Fra ridevei til kjørevei», signert Knut Baar og Geir Paulsrud. Begge har solid erfaring frå Norsk vegmuseum.
 
I tillegg til mange store og nye bilde, er boka krydra med gamle foto av Knud Knudsen, Axel Lindahl og Anders Beer Wilse. Desse var blant dei mest kjente landskapsfotografane i Norge.
 
Dette er Geir K. Hus si siste bok i trilogien om E134 Haukelivegen og stikkvegane mellom øst og vest. Tidlegare bøker: "E134 Haukelivegen" (2017) og "Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen" (2022). Hus har bakgrunn som pressefotograf, journalist og redaktør. Til dagleg arbeider han i Landslaget for lokalaviser (LLA).
 
Vegstrekningane i boka:
Låtefoss-Odda-Kinsarvik-Utne-Rosendal: Rv. 13 og fylkesvegane 550, 551 og 500
Kongsberg-Rjukan-Rauland-Haukeli: Fylkesvegane 40, 37 og 362.

    Tilgjengelig i 7 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer