Prosessen
Av Franz Kafka
Del av serien
Innbundet
2022
Norsk, Nynorsk
«Prosessen» (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggje dei uferdige manusa hans. Men Brod følgde ikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brods utgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Kafka hadde eit særpreg i forfattarskapen som var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne «kafkask», og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein «kafka-prosess».
4.7
Tilgjengelig i 19 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent