Norges låver
Innbundet
2014
Norsk, Nynorsk
Norges låver er ei praktbok som ruvar i fleire tydingar av ordet med heile 564 sider og over 1000 låvefoto er ho det største verk som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap. Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag. Låven har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som framleis demonstrerer den sentrale posisjonen bonden og landbruket har hatt her i landet. Norges Låver er på same tid eit nasjonalt praktverk og lokalboka for heile landet. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger lar seg dokumentere.
4.0
Tilgjengelig i 11 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent