Landslova av 1274 - rett, politikk og samfunn i norsk mellomalder
Av Else Mundal (red), Erik Opsahl (red), Jørn Øyrehagen Sunde (red), Miriam Tveit (red)
Innbundet
2023
Norsk, Nynorsk
Norsk, Bokmål
Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 er eit storverk i norsk og europeisk rettshistorie. Ho var den fyrste riksdekkjande lovboka i Noreg, og éi av fire riksdekkjande lovverk i europeisk mellomalder. Landslova var vidare ein del av eit omfattande lovgjevingsprosjekt som òg inkluderte Bylova av 1276, Hirdskrå frå 1270-talet og den islandske lovboka Jónsbók av 1281. Enno viktigare er at ho vart nytta, noko ein kan sjå av bevart rettspraksis frå både mellomalderen og 1500- og 1600-talet. Nesten ein firedel av alle bevarte manuskript på norrønt fram til 1350 inneheld Landslova. I denne boka vert difor Landslova, saman med Bylova og Sauebrevet for Færøyane, utforska. Mange av våre fremste mellomalderforskarar har valt seg ein regel som dei brukar som utgangspunkt for å utforska rett, politikk og samfunn. Samla vert det i boka teikna eit breitt og fargerikt bilete av norsk mellomalder.
Tilgjengelig i 7 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent