Den industrielle revolusjonen - Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv 1600-1914
Pocket
2023
Norsk, Nynorsk
Den industrielle revolusjonen var ei grunnleggande endring av mange aspekt ved økonomisk og sosialt liv, og var ei av dei viktigaste hendingane i verdshistoria. Storbritannia var sjølve lokomotivet for desse endringane, og andre vestlege land følgde etter. Ei drøfting av kvifor Storbritannia var utgangspunktet, står derfor sentralt i boka. Kva som hende, kor, korleis og når det hende, blir tatt opp og også konsekvensane for land, samfunn og menneske. Storbritannia blir samanlikna med andre område og kulturar på det eurasiske kontinentet. Den seinare industrialiseringa av andre statar blir også jamført med land som ikkje gjennomførte denne sosioøkonomiske omkalfatringa før første verdskrigen. Arnljot Løseth er professor emeritus i historie ved Høgskulen i Volda. «Han bruker ei rekkje tidstypiske ordtak og munnhell for å få fram poenga og tek oss slik med i tenkjemåtane på den tida.» - Postdoktor Kjetil Vikene
Tilgjengelig i 1 butikk
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent