Hopp til hovedinnholdet

Vegen heim til Svartskog

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.

Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

Forhåndsbestill

Forventes i salg 15.11.2024.

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer