Elle melle - lese- og skrivestart 1B : ABC
Del av serien
Pocket
2009
Norsk, Nynorsk
Elle Melle 1-4 Elle Melle er eit norskverk for 1 4 trinn. Læreverket kjenneteiknast ved flotte illustrasjonar, grundig gjennomgong av lydane i alfabetet, nivådelte tekstar, og ikkje minst innhaldsrike og gode lærarrettleiingar. Verket følgjer eit gjennomført pedagogisk system som baserar seg på Anne-Lise Gjerdrums lange erfaring som lærebokforfattar. Anne Lise Aasgaard Solli er medforfattar fra og med 3. trinn. Elle Melle Lese- og skrivestart 1B I Lese- og skrivestart 1B jobbar vi med bokstavane B, U, G, T, Y, P, N, J, K, V, Ø, H, D, Æ, C, Z, X, Q og W. Kvar bokstav har seks arbeidssider med same struktur og progresjon. Vi startar med å kjenne att og lese bokstaven, deretter teiknar vi og skriv om han. Deretter følgjer øvingar i motorikk, sporing og utlytting av lydar. Vi øver stavingar, ordpar og rimord, går i labyrintar, løyser kryssord og øver skrivetrening. Bokstavsidene blir avslutta med ei litt ekstra utfordrande oppgåve. Elle Melle for 1. trinn består av: ABC-bok Songkalender 1 (storformat) Lese- og skrivestart 1A Lese- og skrivestart 1B Cd 1 Lærarrettleiing Nettstad
Kan bestilles til 145 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen en uke
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent