Pest og plage - verdas verste pandemiar
Innbundet
2021
Norsk, Nynorsk
Det har vore skikkeleg tøffe pandemiar i Noreg også før koronaen. Den mest kjente er svartedauden, men også tuberkulose, koppar, lepra og polio har ramma folk og samfunn på brutalt vis. I denne boka fortel Anders Totland om mange av dei verste pandemiane, gjennom skjebnane til enkeltmenneske.
Vi får høyre om losen Knud Jensen som blei smitta med kolerabakterien av lapskausen om bord i skipet han førte ut Drammensfjorden. Vi blir også kjent med Marie Myhr som mista halve familien sin i spanskesjuka tidleg på 1900-talet. Mot slutten av hundreåret blei Jacob Hermansen ramma av hiv-/aids-sjukdommen. Han fortel sjølv korleis han opplevde det, og kva for konsekvensar det hadde, men også om korleis livet etter kvart gjekk vidare.
Boka handlar også om vaksinar og korleis sjukdomane er blitt slått ned. Vi får håpe det er situasjonen for vår tids verste pandemi òg når boka kjem ut i august.
- Målgruppe frå ti år – og langt oppover.
- Spennande og lett tilgjengeleg for barn og unge som liker korte historier frå verkelegheita.
- Pest og plage er ein frittståande oppfølgar til Den norske slavehandelen, Nattmannen og Lepra. Desse bøkene har til felles at dei handlar om litt ukjente, mørke sider av norsk historie.
Tilgjengelig i 55 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent