Fjellplanter - Filefjell og Jotunheimen sør
Innbundet
2022
Norsk, Bokmål
Fjellplantene finst over alt i fjellet, i form av fjellskog, vier, høgstaudeenger, fargerike blomsterenger, moltemyrer og andre naturtypar. Fjellplantene dekkjer fjellet, over alt der me trør er det fjellplanter. Fjellet er på mange måtar eit ekstremt miljø å leve i. Temperaturane er låge, vekstsesongen er kort, snø og is dominerer store delar av året og UV-strålinga er høg. Me beskyttar oss med solkrem, men plantene blir utsette for den same strålinga, korleis klarer dei seg utan solkrem? I boka får du vite korleis planter i fjellet lagar sin eigen «solkrem» som beskyttar dei mot den sterke strålinga. Du får også vite korleis plantene flyttar seg, og korleis dei blir påverka av klimaendring og andre endringar som går føre seg i naturen i vår tid. Eit mål med boka er at ikkje berre å få fram korleis plantene ser ut, men også få fram kunnskap om korleis plantene lever, korleis dei er tilpassa ekstreme livsmiljø og kva funksjonar dei har både for naturen, klimaet på jorda og for oss menneske. Bilda har ein sentral plass i boka, og eit eige avsnitt tar for seg fotografering av planter. Å fotografere planter er lett, men det er ikkje alltid lett å få gode bilde av dei. Motivet kan vere fint, men det kan vere forskjell på eit fint motiv og ein fint bilde. I boka får du tips om korleis fine motiv kan bli til fine bilde.
5.0
Tilgjengelig i 14 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent