Hopp til hovedinnholdet

I statleg teneste - liv og lagnad for ein vidtfarande mann

  • Innbundet

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Mange trur kanskje at i statleg teneste blir yrkeslivet kjedeleg. Mi røynsle er det motsette. Frå eg tok til som elev på Postskulen i 1951 til pensjonering som ekspedisjonssjef i departement 50 år seinare, har eg opplevd yrkeslivet som givande og spennande. Det er blitt teneste i Finansdepartementet, Helsedirektoratet og Sosial- og helsepartementet. Dessutan har eg med permisjon arbeidd utanlands - OECD i Paris, Finansdepartementet i Tanzania og den norske EU-delegasjonen i Brüssel. Det har blitt fleire oppdrag for Europarådet og FN-organisasjonar. Teneste-reiser i inn- og utland har vore ein viktig del av jobben. Også private reiseopplevinger er skildra i denne boka. Til slutt i boka er skissert visse politiske vurderingar etter eit langt liv i teneste for fellesskapet. Alfred Kvalheim er samfunnsøkonom. Han gjorde teneste i Finansdepartementet og Sosial- og helsedepartementet frå 1964 til 2002, omlag 20 år i stilling som ekspedisjonssjef. Alfred Kvalheim har i periodar hatt arbeidsoppdrag i OECD (1965-67), Finansdepartementet i Tanzania (1970-72) og Norges EU-delegasjon i Brüssel (1993-96).

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer