Hopp til hovedinnholdet

Den blå kjolen og andre historier

  • Pocket

  • 2015

  • Norsk, Bokmål

Ti bilde i ein fin gamal album utløyser historier og minne om menneske ved fjorden i ulike tider, og som ein raud tråd går kvinnelagnaden. Den første tekstilindustrien har ein sentral plass i boka. Vi fylgjer pionerfamilien som grunnla tekstilfabrikkane ved elver nær Bergen og bygde samfunnet rundt dei i lag med arbeidarane. Desse forteljingane er ein hyllest til generasjonane som var med å utvikla tekstilindustrien i Noreg. Åse Lilleskare Faugstad har gitt ut seks diktsamlingar og ei novellesamling. Dikta hennar står i samleverk i inn- og utland. Ho har gjendikta engelsk og amerikansk lyrikk i mange år. «Som ein fakkel», eigne dikt i utval, kom ut på Villanden Forlag i 2008. Forfattaren er medlem av Den norske Forfatterforening og Norsk Oversetterforening. Ho har vore DnF sin representant i Norsk Språkråd.

    Tilgjengelig i 1 butikk

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent