Hopp til hovedinnholdet

Kva skjer i Bygde-Norge?

  • Innbundet

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

Bygder har skifta ham og distrikta har gjort opprør. Reidar Almås tar oss i denne boka med sjumilssteg gjennom 1900-talet fram til dagens bygdesamfunn. Almås nøyer seg ikkje med å beskrive og forklare, men gir også råd om korleis bygdefolk kan skape si eiga framtid, under omstende dei sjølve ikkje har valt. Det er viktig å forstå både fortida og notida for å forme fram-tida. Med ein fot i bygda og ein fot som professor og institusjonsbyggar på universitetet, tar Almås deg med på ei reise gjennom eit landskap som er sterkt forandra. Tufta på 45 år med bygde-forsking og praktisk bygdeliv, oppdaterer han oss på kva som skjer med distriktsnæringane og korleis det går med det grøne skiftet. Den skjøre balansen mellom by og land er avgjerande dersom vi skal ha tilgang til nok mat og rimeleg energi i åra som kjem. I kjølvatnet av dei mange distriktsopprøra har distrikts-politikken kome høgt på den politiske dagsordenen. For å skjøne kva som skjer, må vi skaffe oss oversikt over dei lange linjene i forholdet mellom bygd og by. Dei overordna spørsmåla vil vere: Kva har skjedd med bygdene våre, kvifor har det skjedd og kva vil og bør skje framover.

    Tilgjengelig i 11 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer